Bio Jæren
30.6.2026

Kva betyr samarbeid med Bio Jæren for deg som bonde?

Mange bønder på Jæren står midt i fleire viktige vurderingar: Korleis skal eg handtere nye krav til gjødsel? Og kva betyr det for drifta mi framover?

Få meir ut av gjødsla

Gjennom biogassanlegget på Grødaland blir husdyrgjødsla brukt til å produsere energi, og levert tilbake som biogjødsel. Det kan gi fleire praktiske fordelar på garden:

- Meir plantetilgjengeleg næring

- Jamnare kvalitet på gjødsla

- Mindre lukt og enklare handtering

Ei hjelp i møte med nytt regelverk

Det nye gjødselregelverket gjer at mange må tenke annleis rundt lagring og spreiing. For nokre betyr det behov for meir spredeareal. For andre kan det påverke produksjonen.

Eit samarbeid med Bio Jæren kan vere ein måte å tilpasse seg på, utan å måtte redusere drifta.

Ei løysing som fungerer i praksis

Det viktigaste for oss er at løysinga fungerer i praksis. Derfor ser vi på kvar enkelt gard og drift.

Bio Jæren er heilt avhengig av bøndene på Jæren, og målet vårt er å tilby ei løysing som:

- er tilpassa lokale forhold

- gir føreseielege rammer

- fungerer over tid

Ta ein prat med oss

Er du nysgjerrig på kva dette kan bety for deg?

Ta kontakt for ein uforpliktande prat med ein av landbruksrådgivarane våre.